UX-skriving i digitale læremiddel
Publisert 24.06.2026
- Vebjørn Kallelid – TV 2 Skole
- Anja Persvold Teigen – NTB Arkitekst
- Joachim Tallaksen – NTB Arkitekst
Når vi som designarar utformar grensesnittet i ei digital flate, jobbar vi ikkje berre med visuelle og funksjonelle element. Vi er også tekstforfattarar.
Korte og lengre tekstar er ein integrert del av dei fleste grensesnitt, til dømes i overskrifter, knappetekstar, leietekstar, instruksjonar, tilbakemeldingar og feilmeldingar. Desse skal hjelpe brukaren til å navigere på ein så intuitiv og lite energikrevjande måte som mogleg. Dermed krevst det at tekstane bidrar til at interaksjonselement er lette å oppfatte, lette å betene og lette å forstå. Desse er grunnprinsipp for både universell utforming og klarspråk, og er vel så relevante i arbeidet med interaksjonstekstar – det vi kallar UX-skriving.
Men korleis bør vi arbeide med UX-skriving spesifikt når vi lagar digitale læremiddel? Og kva omsyn må vi ta når målgruppa består av både lærarar og elevar med svært ulike behov og føresetnadar?
Konvensjonell kommunikasjon
For god UX-skriving ligg det til grunn at vi bruker alle elementa i grensesnittet til å kommunisere med brukaren. Totalen av tekst, visuell utforming og funksjonalitet signaliserer til brukaren kva som vil skje når han interagerer med grensesnittet vårt. Gjennom utforminga formidlar vi altså ein bodskap til brukaren kva han kan og bør gjere.
Vi ønsker at kommunikasjonen med brukaren gjennom grensesnittet skal vere mest mogleg automatisert: Kvart val i navigasjonen skal krevje minst mogleg tankekraft av brukaren. Derfor er det tenleg å bruke allment innarbeidde konvensjonar – også for språket vi bruker.
Når vi tenker oss den digitale interaksjonen som ein kommunikasjonsprosess, kan vi også sjå føre oss at digitale konvensjonar fungerer som eit grunnleggande «språk», med eit eige vokabular og struktur. Når ein bruker digitale flater over tid, lærer ein seg eit sett med digitale «språkferdigheiter». Ein lærer at eit hus-symbol eller ein logo fører til framsida, at skrift med understrek er ei lenke, og at ein knapp med teksten «Meny» vil vise ei liste over innhaldet på sida.
Desse digitale språkferdigheitene tar brukaren med seg også i møte med nye system. Dei styrer forventningane til korleis «samtalen» med det nye systemet vil gå føre seg. Sjølv om innhaldet er nytt, vil «språket» vere kjent.
Viss vi klarer å møte brukaren sine forventningar ved å bruke det same digitale «språket», gjer vi systemet enkelt å bruke. Men viss vi derimot «snakkar» på uventa, tvitydige eller uklare måtar, pålegg vi brukaren å aktivt fortolke kva vi prøver å seie – og risikerer feiltolkingar. Med andre ord: Ved å bruke kjente, konvensjonelle løysingar, kan vi redusere arbeidsbelastninga for brukaren.
Ikkje minst er dette vesentleg når vi designar for målgrupper med varierande digitale ferdigheiter og føresetnadar. WCAG-standardens punkt 3.2 seier at nettsider skal vere føreseielege i utsjånad og funksjon. Brukarar med motoriske, visuelle eller kognitive utfordringar er ofte særleg avhengige av at digitale flater opererer nokolunde likt.
Kva gjeld tekst i interaksjonselement spesifikt, fell idealet om lett tilgjengeleg og føreseieleg utforming saman med idealet om å skrive klart. Vi ønsker å skrive i eit direkte, enkelt og aktivt språk, der vi gir brukaren tilstrekkeleg informasjon utan å overlesse dei med tekst.
Tilpassing til ulike målgrupper
Når vi lagar digitale læremiddel, opererer vi med eit stort mangfald av potensielle brukarar: unge og vaksne elevar, elevar med ulike funksjonsvariasjonar og særskilte behov for støtte og tilpassing, ulike språkkunnskapar og digitale ferdigheiter, i tillegg til lærarar og andre pedagogar og tilretteleggarar.
Interaksjonstekstar som dei ulike brukarane møter i andre digitale samanhengar, førebur dei indirekte også på å navigere digitale læremiddel. Altså vil det å etablere ein konkretisert bestepraksis for interaksjonstekstar i digitale læremiddel kunne forenkle bruken av ulike læremiddel parallelt, for både elevar og lærarar.
Men det er ikkje sikkert at dei ulike brukararane våre er best tente med at læremiddelet vårt er utforma likt for alle. I tillegg til varierande føresetnadar kan ulike brukargrupper også ha svært forskjellige mål når dei bruker læremiddelet.
Til dømes: I eit større læremiddel som tilbyr undervisningsmateriell til mange elevgrupper på tvers av fag, vil vi legge til rette for at ein lærar skal kunne utforske breidda av det tilgjengelege innhaldet. Dei yngste elevane vil vi derimot skjerme frå det mangslungne innhaldet; vi vil heller at dei fokuserer på enkeltoppgåver, med fastsette rammer – om dei i det heile skal navigere flata på eiga hand. Eldre elevar kan på si side ha nytte av å utforske når dei arbeider sjølvstendig, men med større avgrensingar i både innhald og funksjonalitet enn lærarane deira har.
Dette kan i nokre tilfelle tale for ulike grensesnitt, med ulik språkleg utforming, tilpassa ulike brukargrupper, også innanfor det same læremiddelet. Til dømes gjer personleg preferansestyring knytt til Feide-brukarar det mogleg å tilpasse både innhald og funksjonalitet dei enkelte brukarane. Det opnar i så måte for ulikt utforma grensesnitt til ulike brukargrupper parallelt.
Reint språkleg kan til dømes yngre elevar møtast med ein meir barnevennleg stil og tone, mindre tekst og færre interaksjonselement i navigasjonen, men hyppigare positive tilbakemeldingar og instruksar. Lærarar kan motsett presenterast for meir informasjon og høve til å ta fleire val, med eit tilsvarande meir avansert språk som støttar dei i meir komplekse handlingar.
Ulike grensesnitt vil ikkje vere ei tilrådeleg løysing for alle læremiddel. Like fullt må vi ta høgde for variasjonen i brukarbehov når vi utformar den digitale flata skriftleg, så vel som visuelt og funksjonelt.
Tekstarbeid er design
Uansett kven vi lagar læremiddel for, bør vi søke mot eit heilskapleg uttrykk på tvers av både språk og designet elles. Interaksjonstekstane bør vere ein integrert del av designet, og ikkje berre merkelappar vi klistrar på grensesnittet til slutt. UX-skrivinga bør derfor vere med på å legge føringar for den overordna designprosessen, og høyrer heime heilt frå skissestadiet til ferdig produkt.
Slik kan vi sørge for at interaksjonstekstane og andre visuelle og funksjonelle element i kombinasjon utgjer eit samla heile – at dei kommuniserer på same måte.
Praktiske tips til UX-skrivinga
Uansett om ein jobbar med digitale læremiddel eller andre digitale tenester, og uansett kva målgrupper ein designar for, er det nokre konkrete prinsipp ein kan følge for å skrive klart i interaksjonstekstar.
Interaksjonen er ein samtale
- Skriv i eit direkte, aktivt språk. Korleis ville du sagt det munnleg til brukaren?
- Vel innhald og del ut til eleven som ei individuell lekse.
ikkje
Alternativ for utdeling av personalisert oppgåve til elev.
- Vel innhald og del ut til eleven som ei individuell lekse.
- Gi instruksar med verb i imperativ (bydeform)
- Send inn
ikkje
Klar for å sende inn - Beskriv kva du treng hjelp med:
ikkje
Problembeskriving:
- Send inn
- Unngå «systemspråk», som intern terminologi og teknisk språk. Bruk ord som brukarane bruker sjølve.
- Vi treng kvittering på kjøpet for å bekrefte abonnementet ditt. Last opp.
ikkje
For å verifisere brukartilknytning må du laste opp dokumentasjon på gjennomført betaling. Importer dokument.
- Vi treng kvittering på kjøpet for å bekrefte abonnementet ditt. Last opp.
Pronomen
- Bruk vi/oss når du taler frå perspektivet til den digitale tenesta.
- Her har vi samla den mest relevante informasjonen for deg.
- Bruk du/deg når du vender deg til brukaren som ein person, og de/dykk (dere) når du vender deg til ei verksemd eller organisasjon.
- Har du spørsmål? Ta kontakt.
- Slik opprettar de avtale for skulen dykkar:
- La brukaren bruke eg/meg (for personar) og vi/oss (for verksemder/organisasjonar) om seg sjølv.
- Kva rolle har du?
Eg er elev | Eg er lærar | Eg er administrator
- Kva rolle har du?
Skriv kort når det er nok, og lenger når nødvendig
- Formuler deg kort og enkelt for å ikkje overlesse brukaren med informasjon.
- Gi meir utfyllande instruksar og forklaringar ved komplekse interaksjonar, uvanlege interaksjonstypar og operasjonar som krev kontekst for å løysast.
- Porsjoner ut innhaldet. Gi berre den informasjonen som trengst for å utføre den gjeldande operasjonen. Mykje tekst på små skjermar er utfordrande i stressande situasjonar.
- Bruk korte avsnitt, mellomtitlar, punktlister og utheva ord for å gjere teksten lett å skanne.
Plasser den viktigaste informasjonen først
- Plasser den viktigaste informasjonen øvst og lengst til venstre. På norsk les brukaren sida frå toppen, og frå venstre mot høgre.
- Gi brukaren nødvendig informasjon før handlinga skal gjennomførast.
Skil mellom lenker og knappar
- Bruk knappar for å utløyse ei handling i grensesnittet.
- Bruk etablerte knappetekstar.
- Skriv knappetekstar i imperativ, med stor forbokstav og utan punktum.
- Bruk lenker for å leie til ei ny side.
- Skriv beskrivande lenketekster som seier kva lenka inneheld. Dette hjelper særleg brukarar med skjermlesar.
- I lærarrettleiinga finn du tips til korleis du kan legge til rette for samarbeidslæring.
ikkje
Tips til korleis du kan legge til rette for samarbeidslæring finn du her.
- I lærarrettleiinga finn du tips til korleis du kan legge til rette for samarbeidslæring.
- Plasser lenka i slutten av setninga for å ikkje avbryte leseflyten.
- 7,6 prosent av norske elevar fekk spesialundervisning eller individuelt tilrettelagd opplæring i fjor, viser SSB sin statistikk om elevar i grunnskulen
ikkje
SSB sin statistikk om elevar i grunnskulen viser at 7,6 prosent av norske elevar fekk spesialundervisning eller individuelt tilrettelagd opplæring.
- 7,6 prosent av norske elevar fekk spesialundervisning eller individuelt tilrettelagd opplæring i fjor, viser SSB sin statistikk om elevar i grunnskulen
- Gi gjerne informasjon om språk, domene, filstorleik, filformat osb.
- Her kan du laste ned vår tilgjengelegheitserklæring (PDF, 517 kB).
- Les meir i artikkelen Lenker i tekst og innhald.
- Skriv beskrivande lenketekster som seier kva lenka inneheld. Dette hjelper særleg brukarar med skjermlesar.
Opne- og lukkeelement
- Bruk opne- og lukkeelement for å strukturere og rydde informasjon, og for å gøyme informasjon som ikkje er kritisk eller relevant for alle.
- Bruk beskrivande titlar i opne- og lukkeelementet som fortel kva det inneheld.
- Unngå opne- og lukkeelement når
- informasjonen er kritisk å få med seg
- informasjonen overlappar eller skal samanliknast
- det er lite informasjon til saman
Tilbakemeldingar
- Gi ei tilbakemelding når ei handling er fullført.
- Du er ferdig med alle oppgåvene dine!
- Svaret er sendt inn.
- 12 av 15 rette. Bra jobba!
- Oppsummer og gi høve til å endre viktig informasjon før eit skjema blir sendt inn.
Feilmeldingar
- Plasser feilmeldingar i nærleiken av feilen, altså der feilen skal rettast opp.
- Forklar grunnen til at noko går gale.
- Du må fylle inn adresse.
ikkje
Kan ikkje sende inn skjema.
- Du må fylle inn adresse.
- Ikkje gi kjensla av at operasjonen er mislykka, sjølv om det ikkje er gjort rett.
- Klarte ikkje å hente sida. Prøv å laste inn på nytt, eller sjekk nettilkoblinga.
ikkje
Feil: Sida kan ikkje visast.
- Klarte ikkje å hente sida. Prøv å laste inn på nytt, eller sjekk nettilkoblinga.
Referansar og ressursar
- Designsystemet.no: God praksis (Opnar i ny fane)
- KS: Klart språk i digitale løsninger (Opnar i ny fane)
- NNGroup: UX Writing: Study guide (engelsk) (Opnar i ny fane)
- NTB Arkitekst. Kurs i UX-skriving – skriv klart i brukerreisen. Digitalt kurs, 2026.